Varsel om årsmøte 2024 i KNBF region Nordvest.

Til Båtforeninger og personlege medlemmer knytte til Kongelig Norsk Båtforbund, region Nordvest (Møre og Romsdal).

Dag og tid: 1. mars kl.18.00

Møtestad: Hotel Brosundet, Apotekergata 1-5, 6004 Ålesund.

Samansetning og representasjon til årsmøte:

Årsmøtet er samansett av representantar frå dei tilslutta foreiningane, personlege medlemmer, og dessutan dei valde styremedlemmene til regionen.

Kvar foreining vel representantar i fleire bestemt av det aktive medlemstalet i foreininga etter følgjande reglar:

  • Inntil 100 aktive medlemmer: 1 representant
  • 101 t.o.m. 300 aktive medlemmer: 2 representantar
  • Over 300 aktive medlemmer: 3 representantar

For å kunna stemma skal møtande representantar ta med fullmakt frå eigen eller anna foreining i regionen.

Dersom det møter opp 1-10 personlege medlemmer anten ved frammøte eller ved fullmakt, skal desse kunna gi inntil 1 stemme på årsmøtet etter intern votering.

Møter det opp 11-20 personlege medlemmer, anten ved frammøte eller ved fullmakt, skal desse kunna gi inntil 2 stemmer på årsmøtet etter intern votering.

Skulle det  møte opp over 21 personlege medlemmer, anten ved frammøte eller ved fullmakt, skal desse kunna gi inntil 3 stemmer på årsmøtet etter intern votering.

Forslag og saker som blir ønskte behandla på årsmøtet, må vera Regionstyret i hende tre (3) veker før årsmøtet.

Årsmøteårsmøtepapir og innkalling vil bli utsendt på e-post 2 veker før årsmøtet, sjå elles nettside KNBF . (30. januar)

Med vennleg helsing:

Regionleder KNBF Nordvest, Idar Arve Krumsvik

Tlf: 95788341

e-post: leder.nordvest@knbf.no