Lærerikt og familiefokusert gratis-arrangement på Stord med fokus på sjøsikkerheit

Lokale Båtforeiningar i Sunnhordland og Båtforbundet (KNBF) region Vest er stolte av å invitere alle i nærområde til Nasjonal Maritim Sikkerheitsdag  i Rommetveit Båthamn på Stord laurdag den 15. juni 2024 frå kl. 12:00 til 16:00. Dette spennande  gratis arrangementet fokuserer på viktigheita av sjøsikkerheit og redning på og ved sjøen.

Se nettsiden til Rommetveit Båthamn her: https://rommetveitbatlag.no/

Det kjem fleire viktige deltakara, Redningsselskapet, Sjøkompetanse, Røde Kors, med fleire. Eliasbåten og Bjørnis kjem for å gi dei yngste ein hyggeleg og lærerik dag, det vil vær mykje å lære for alle, uansett alder.

Underhaldning og læring: Ein dag for alle

Gjennom dagen kan besøkande også nyte musikalske opptredde frå Stord Musikklag, med fleire. Stord Idrettslag vil sørge for god mat og drikke. Ikkje gå glipp av sjansen til å oppleve god stemning og læring om sikkerheit på sjøen.

Lokale båt og motor leverandørar kjem, me får og besøk av Sjøkompetanse som stiller med RIB og Vannskutere. Stord Maritime Museum kjem med gammalt utstyr og ungt mannskap med  gamle sjørøvar historia.

Besøk standen til Båtforbundet for en hyggeleg båtprat og for å lære meir om korleis du kan bidra til å sikre eit tryggare maritimt miljø. Dette er ein flott anledning for familiar å lære meir om sikkerheit på og ved sjøen, samtidig som ein kan nyte dagen med flott underhaldning og aktivitetar.

Se info ark om Nasjonal Maritim Sikkerhetsdag her!

Me ser fram til å ønska velkomne til ein dag full av læring, underhaldning og aktivitetar.

Kort om Nasjonal Maritim Sikkerheitsdag

Med litt over ein million fritidsbåtar i Norge, er det viktigare enn nokosinne å fremma sjøsikkerheit for å ferdast trygt på og ved sjøen. Nasjonal Maritim Sikkerheitsdag er derfor eit årleg arrangement rundt i Norge, arrangert av frivillige i Båtforbundet, som tilbyr et fullspekket program og spektakulære øvingar for både små og store. Dette er eit viktig arrangement og tiltak mot målet om nullvisjonen for hardt skadde og omkomne som ferdast på og ved sjøen.

Om Båtforbundet (KNBF)

Båtforbundet (KNBF) er ein interesseorganisasjon for fritidsbåtbruk i Norge. Me arbeidar for et betre båtliv på naturens premisser. Med eit brennande engasjement for å fremma sjøsikkerheit og glede ved sjøen, arbeidar Båtforbundet (KNBF) for båtfolkets interesser og med å utdanna allmennheten om viktigheita av sjøsikkerheit gjennom f.eks. Nasjonal Maritim Sikkerheitsdag. Båtforbundet har meir enn 400 medlemsforeiningar og 43.000 medlemmer, inkludert personlege medlemmer i heile landet.

Kontaktar:

Ole Dramdal

Hamneleiar Rommetveit Båtlag

918 73 210

Ole.dramdal1@sklbb.no


Terje Johan Stensletten

Stord Båtlag, leiar KNBF, Region Sunnhordland

951 97 553

terje.johan.stensletten@akersolutions.com