Erling Sande (Sp) har vokst opp tett på sjøen. Da han for noen år siden kjøpte båt igjen var tanken å la egne barn oppleve noe av de samme magiske øyeblikkene.
KNBF vil i en serie intervjue ledende stortingspolitikere om deres forhold til båt, båtliv og båtpolitikk. Nå skal vi bli bedre kjent med Erling Sande fra Senterpartiet.
Når og hvordan startet båtinteressen?
Heilt frå eg var liten har eg synes det var kjekt å vere i båt og gjerne fiske litt. Eg har vakse opp tett på sjøen og vi hadde småbåt med påhengsmotor som eg brukte frå eg var tenåring.
Har du hatt flere båter opp igjennom tiden – og har du båt nå?
I oppveksten hadde vi ein open Øyenbåt med ein 8 hk Yamaha motor – perfekt for ein ungdom å kunne manøvrere og passa ypperleg for turar på vika der eg vaks opp. No har eg ein Ryds med 40 hk.
Hvordan vil du beskrive eget båtliv?
Når eg kjøpte båt for nokre år sidan var tanken å la eigne born oppleve nokre av dei same magiske øyeblikka som eg sjølv fekk frå min oppvekst. Så vi tek korte turar for å fiske og køyre litt på bølgene og sjå landskapet frå andre vinklar. Som mange båteigarar sikkert kjenner på vert det altfor skjeldan.
Hva er det beste med båtlivet?
Frihetsfølelse, saltluft og vind i håret, motordur, lyden av småbølger mot eit skrog ein roleg sommardag og dei begeistra ropa til ungar som får småsei på kroken.
Hva tenker du om begrepet «båtpolitikk»? Er det noe som opptar deg?
Båtpolitikk for meg handlar mellom anna om å legge til rette for at kysten og fjordane kan brukast av mange. At vi brukar fornuft i strandsoneforvaltninga og tek omsyn til at landet er forskjellig. Nokre stader må politikk handle om å sikre ålmenta tilgang til sjøen, men andre stader må det ligge til rette for å lage til brygger og moloar og anna infrastruktur slik at vi kan tilrettelegge for at fjæra og sjøen vert brukt. Så må vi ha gode og trygge farleier.
